Blå framtid eller svart hav?
Failed to add items
Add to Cart failed.
Add to Wish List failed.
Remove from wishlist failed.
Adding to library failed
Follow podcast failed
Unfollow podcast failed
-
Narrated by:
-
By:
Er du glad i fisk, interessert i norsk fiskeri, eller generelt opptatt av natur - dette er ein SVÆRT lærerik episode.
For i dag skal vi besøke norges største og mest verdifulle økosystem, både biologisk og økonomisk.
Vi skal snakke med Forskningsdirektør Geir Huse (Havforskningsinstituttet) om våre marine økosystem.
Norske havområde har enorme økosystem og fiskeriressursar. Men no er det store ting i bevegelse. Klimaendringane har
Norge har enorme havområde
Vi har nokon av dei viktigaste fiskeriressursane i europa
Vi har også forvaltaransvar for enorme maritime økosystem, heilt frå skagerrak til pol-isen.
Og vi har ei av verdas lengste kystlinjer.
Våre viktigaste næringer er basert i sjø- og havområda.
Oppdrettsbransjen nyttar seg av gunstige tilhøve langs norskekysten.
Havområda rommar norge sine olje- og gassreservar.
Så vel som moglegheiter for framtidige, og kontroversielle industrieventyr som havbotnmineral.
Så det er klart at er ein opptatt av natur
Så bør ein vere opptatt av havet – med litt meir substans enn eg har til no.
Og eg har ei kjensle av at eg ikkje er aleine om dette
Snakkar ein om naturvern er det som oftast landbasert natur det er snakk om
Samanlikna med andre typer verneområder er såkalla maritime verneområder relativt nye
Og der om lag 17-18% av norske landområder er underlagt noko form for vern
Er 4.6% av sjøareal innan den norske territorialgrensa, og under 1% av områda innan den norske økonomiske sona verna (MDir)
Men norge er ein sjønasjon
Vi har store kunnskapsmiljø som veit betydelig meir om havet enn meg
Kanskje det fremste er Havforskningsinstituttet.
I februar kom dei med rapporten som heiter «Ressursoversikt 2026»
Der Forskningsdirektør Geir Huse var hovudforfattar.
Eg tenkte at dette er sjangsen min til å få meir oversikt over korleis det faktisk står til med dei norske havområda
Og korleis vi kan forvente at det vil gå med dei marine økosystema dei komande tiåra – i møte med eit klima som også påverkar havet dramatisk.
Så i denne episoden snakkar eg med Geir Huse om tilstanden og utsiktene til norske marine økosystem.
Og er ein interessert i natur, glad i fisk, eller opptatt av norsk maritim næring, så er dette meget interessant lytting.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.